Sportsplan i IL Skjoldar

Fotballstyret ønskjer å utarbeide ein sportsplan for fotballarbeidet i klubben, og i samband med det inviterer vi til møte med fotballkretsen.

Følgjande invitasjon vert sent ut til trenarar, lagleiarar, foreldre og spelarar i løpet av veka. Dette er eit åpent møte for alle interesserte:

 

INVITASJON TIL MØTE
SPORTSPLAN - FOTBALL FOR ALLE!
Samarbeidsklubbane IL Skjoldar, SK Vats 94 og Vikebygd IL er opptatt av at alle som har lyst å spele fotball skal ha eit tilbud. Då må klubbane gi tilbud til alle ut frå nivå, interesse og ambisjonar. Nokon vil trene møkje og bli best mogleg, andre ønsker mindre fokus på prestasjonar.
Fotballstyra i klubbane ønskjer å utarbeide ein sportsplan som skal legge grunnlaget for korleis klubbane skal forholde seg til bl.a. følgjande punkt:
  •       Korleis legg me til rette slik at alle trives?
  •       Korleis skal me drive god spelarutvikling utan at det går på bekostning av bredda?
  •       Inndeling av lag, topping av lag, hospitering og treningsmengde
  •       Korleis kan me involvere spelarane?
  •       Korleis skal Skjoldar/Vats/Vik gi eit godt nok tilbud til ulike typar spelarar?
Me ønskjer at sportsplanen vert utarbeidd gjennom god kommunikasjon og dialog, og dermed får ei god forankring i klubben(ane). Me veit at mange trenarar, lagleiarar, foreldre og spelarar er opptatt av punkta som er skisserte ovanfor, og derfor inviterer me alle interesserte til møte
TIRSDAG 25. NOVEMBER KL. 19.00 PÅ SKJOLD SKULE                      
 (klasserom på baksida av skulen, ungdomstrinnet).
Roar Wold, spelarutviklar i Rogaland fotballkrets, vert med på møte.
Invitasjonen vert i tillegg til foreldra/spelarar på laga 13-16 år sendt ut til aldersgruppa 6-12 år. Også her vil det være foreldre som har interesse og synspunkter omkring tema.
INFORMASJON OMKRING SAMARBEIDSLAGA:
I samband med møte vil det også bli informasjon om samarbeidsavtalen mellom klubbane. I tillegg vil det bli kort informasjon om lagsamansetjing og kven me har som trenarar/lagleiarar til neste år.
For fotballstyra i
IL Skjoldar                             SK-Vats 94                           Vikebygd IL
Liv Jorunn Frønsdal             Lars Rune Litlehamar          Rune Hetland
©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift