Bilder fra tirsdagen - Gutane tapte

Gutane tapte i kampen mot Fyllingen i dag, ein kamp som ikkje hadde noko seie i forhold til vidare sluttspel.

Etter seieren i går var det allereie klart at gutane var klare for a-sluttspelet,  og resultatet i dag hadde dermed lite å seie. Det kan for såvidt gutane være glade for., for motstandar Fyllingen var klart best på det meste, og Skjoldar måtte hatt ein særs god dag om dei skulle vunne over fjorårets vinnarar av Danacup. Men tapet i dag gjorde som sagt ingenting, og onsdag føremiddag skal dei spele første kamp i a-sluttspelet, og då er det vinn eller forsvinn.

I kveld var også spelarane med på TV2 sitt direktesendte show fra Ekeberg, kjekt å være med på, men me hadde vel trudd at dei skulle få være litt meir med på showet enn kva dei var.

 Ein liten "pep-talk" før kampstart. Kampen i dag vart spelt klokka 14.30 og det var veeeeeldig varmt.

 Heile denne gjengen, fra midtlinja og ned til enden heia med Skjoldar under kampen........

 Gutane frå Vikebygd har vore eit friskt pust når dei blei med på samarbeidslaget for G16  før denne sesongen. Lars (t.h) måtte i dag gå inn som midtstoppar for Stian som er skada, og han gjorde ein svært god innsats. Eivind sto i mål den eine omgangen (David den andre) og gjorde ein god innsats. Humøret er fortsatt på topp ser me:-)

 Her ventar gjengen på at TV2 showet skal begynne.........

 Og så er showet i gang, med Mini Jacobsen som programleiar.

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift